fredag 15. juli 2011

Thira inspirert av Tor Jonsson:



Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka.
Du er brur under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar